Tiltak og tenester for barn og unge i kommunen

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom møter du helsepersonell som du kan snakke med om emne som opptek deg.
Dette er eit gratis tilbod for ungdom mellom 13-20 år. Her møter du helsesøster og lege.

HUSK: Vi har teieplikt!

Døme på emne som du kan ta opp:

  • Spørsmål om kroppen
  • Hudproblem
  • Problem heime eller på skulen
  • Du kjenner deg trist og einsam
  • Parforhold
  • Seksualitet generelt
  • Homofili
  • Rus og rusmisbruk
  • Røyking
  • Graviditet
  • Menstruasjonen
  • Slanking og etevanskar
  • Psykiske vanskar
  • Vonde opplevingar, til dømes seksuelt misbruk, vald/sjukdom i familien

Helsestasjonen kan m.a. hjelpe deg med:

  • Reseptar og anna behandling for helseproblem
  • Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet
  • Prevensjonsrettleiing og prevensjon
  • Testing med tanke på kjønnssjukdomar
  • Graviditetstest

 

Kontaktinfo

Namn: Inger Klungsøyr

Telefonnr.: 953 36 280
e-post: inger.klungsoyr@sykkylven.kommune.no
Adresse: Haugneset 20, 6230 Sykkylven

Opningstid

Kvar torsdag mellom 14.30 og 16.30  (NB! Stengt når skulane har fri)

Stad: Haugneset 20

Du treng ikkje tinge time for å nytte helsestasjon for ungdom.

For ungdom under 20 år.

Barnevernet

Hjelpetiltak skal bidra til å støtte barn og foreldre for å fremme gode levekår og positiv utvikling.

I barnevernet vil vi gjerne hjelpe tidleg, før det blir akutt, slik at det ikkje blir vonde situasjonar for barn og familiar. Som regel er det best at barn får vekse opp i heimen sin. Vi skal derfor alltid først vurdere om det er mogleg å hjelpe familien til å fungere betre.

Kontaktinfo

Barnevern Sykkylven

Barnevernvakt for Sunnmøre: 91 57 60 20

Alarmtelefonen for barn og unge
116 111 (gratis)
Open når barnevernet sin vakttelefon er stengt, dvs. vekedagar 14.00 – 08.00 og 24 timar helger og helgedagar.