Når barn og unge treng hjelp
Det skal vere trygt og godt å vekse opp i Sykkylven. Av og til oppstår likevel utfordringar som gjer at ikkje alle har det så bra. I vår kommune følgjer vi BTI-modellen for å sikre at barn og unge får den hjelpa dei treng.
Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom? Anten uroa er sterk eller svak – gjer noko med det!
Korleis gå fram med ei bekymring for eit barn eller ein ungdom?
I vår kommune tek vi alle bekymringar, små og store, som gjeld barn og unge like alvorleg. Om det er eit barn i familien din, venekretsen eller i nabolaget er det godt å ha ein vaksen som ser situasjonen til barnet og bidreg til at barnet får den oppfølginga det skal ha. Du kan melde di bekymring til alle i kommunen som arbeider med barn. Det kan vere lærar/rektor, tilsett i offentleg eller privat barnehage, helsesjukepleiar eller ta kontakt med Servicetorget for ein kontaktperson over telefon. Les meir om Uro for barn og unge. I kommunen jobbar vi saman med barnet og familien for å sikre at grunnlaget for bekymringa vert handtert gjennom BTI – Betre Tverrfagleg Innsats som sikrar oppfølging og løysing. Les meir om dei ulike tenestene i vår kommune.
Hjelpetilbod i Sykkylven kommune
Servicetorget
70 24 65 00Helsestasjon
70 24 65 00Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
70 24 65 00Barnevern
70 24 65 00Barnevernvakt
915 76 020Tenestekontor for helse- og omsorgstenester
941 58 814Avlastande tenester og støttekontakt
70 24 65 00Psykisk helse og rus
481 51 150Jordmor
70 24 65 00
NB: Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 112 eller Barnevernvakta for Sunnmøre 915 76 020