Nivå 0 Steg 1

Definer uroa for eit barn

Når du er bekymra for eit barn, må du prøve å setje ord på uroa du kjenner – før du tek saka vidare. Dette er ikkje alltid like lett, for signala som har gjort deg uroa kan vere både vage, diffuse og vanskelege å tyde.

I menyen til høgre finn du fleire BTI-verktøy som kan vere til hjelp når du skal sirkle inn og definere uroa di, til dømes «Signal på manglande trivsel», «Observasjonsskjema» og «Skala for uro: barn og unge».

NB: Trur du allereie no at uroa di kan vere knytt til eleven sitt fysiske og psykiske skulemiljø ( §9a-sak), hugs fristen på ei veke for innkalling av føresette til samtale.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 0 Steg 2

Del uroa med leiaren din

Del uroa di med næraste leiar ved første høve. Dersom saka skal takast vidare, avgjer kven som tek kontakt med føresette.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 0 Steg 3

Del uroa med føresette/barnet

Inviter og gjennomfør «den nødvendige samtalen» med føresette/barnet.

  • gjeld dette ein elev sitt fysiske og psykiske skulemiljø ( §9a-sak), seinast innan 1 veke
  • elles innan 4 veker etter uroa har oppstått

Til dette møtet nyttar du rettleiinga du finn i «Førebuing og gjennomføring av den nødvendige samtalen».

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine  meiningar skal vektleggjast.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 0 Steg 4

Grunn til vidare oppfølging?

I den nødvendige samtalen vert det drøfta med føresette/barnet om det er grunn til vidare oppfølging. Dersom det er behov for å setje i gong tiltak, gå vidare til nivå 1 i rettleiaren. Dersom det ikkje er nødvendig å setje inn tiltak, avslutt saka.

Er det behov for hente inn ekstern hjelp utanfor gjeldande teneste, gå til nivå 2 i rettleiaren. Avgjer kven som skal vera ansvarleg for det vidare arbeidet (stafetthaldar, når stafettloggen kjem på plass).

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 0 Steg 5

Avslutt saka

Dersom det ikkje er grunnlag for vidare oppfølging, lukkar de saka. Takk dei involverte for godt samarbeid. Minn føresette/barnet/ungdomen om at dei er velkomne til å be om hjelp dersom det skulle oppstå nye vanskar på eit seinare tidspunkt.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 1 Steg 1

Samtykke til stafettlogg

I situasjonar der barn og unge treng hjelp i ein fase i livet, nyttar kommunen ein elektronisk logg som sikrar dokumentasjon, samarbeid, framdrift og gode overgangar i dette hjelpearbeidet. Informer om, og få signert eit samtykke til oppretting av logg (når denne kjem på plass).

Opprett logg – trykk her. (Enno ikkje aktivert)

NB! Også på nivå 1 er det fullt mogleg å søkje råd og rettleiing hos andre tenester/avdelingar, utan at det vert oppretta eit tverrsektorielt samarbeid. Hugs då samtykke frå føresette/barnet dersom saka ikkje skal drøftast anonymt.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 1 Steg 2

Skap felles forståing

Inviter og gjennomfør møte med føresette/barnet og eiga teneste, der de saman definerer problemstillinga og vert einige om konkrete mål og tiltak.

Avtal tiltak i både heim og aktuell teneste.

Avklar her kven som har ansvar for å informere barnet/ungdomen, korleis ein informerer, og korleis ein gir vedkomande høve til å uttale seg.

Avtal tidspunkt for evalueringsmøte.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 1 Steg 3

Sett i verk tiltak

Avtalte tiltak vert sette i verk og gjennomførte på aktuelle arenaer. Dokumentèr tiltaka.

Førebu evalueringsmøtet. Hugs at barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og at barnet sine  meiningar skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakke med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa, for å få vedkomande si eiga oppleving av endring.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 1 Steg 4

Evalueringsmøte - drøftingsdel

Gjennomfør evalueringsmøte, der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 1 Steg 5

Evalueringsmøte – avgjerd om vegen vidare

På basis av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.

Det er tre moglege utfall av evalueringa:

  1. Tiltaka har hatt ønskt effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroe seg.
    – Avslutt tiltaka.
  2. Tiltaka har effekt, men de er framleis ikkje i mål og arbeidet held fram.
    eller
    De ser at tiltaka ikkje har gitt ønskt effekt, men vurderer at det kan setjast i verk andre tiltak innan eiga teneste.
    Gå tilbake til Nivå 1 – steg 3.
  3. Tiltaka har ikkje gitt ønskt effekt. De ser behov for hjelp frå eksterne tenester og drøftar vidare innsats.
    – Bestem aktuelle samarbeidspartnarar og inviter dei til møte på nivå 2 innan to veker. (Om saka vert løfta vidare opp på nivå 2, er det viktig å få samtykke frå føresette til å involvere eksterne samarbeidspartnarar.)

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine  meiningar skal vektleggjast.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 2 Steg 1

Nettverksmøte - oppstart

Gjennomfør nettverksmøte for føresette/barnet og tenester som skal bidra med tiltak på nivå to. Presenter saka. Avgjer kven som skal ha ansvaret vidare (møteinnkalling, møteleiing, referat etc).

Nettverksmøte: To eller fleire tenester/instansar koordinerer innsatsen slik at alle arbeider etter felles målsetjingar og er kjent med kvarandre sin innsats.

Bruk møtemalen de finn i «Førebuing og gjennomføring av møte».

NB: Vurder kva som er mest tenleg for samhandlinga og kommunikasjonen i møtet: Å føre fortløpande referat undervegs i møtet – eller å skrive referatet mot slutten/i etterkant av møtet.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 2 Steg 2

Nettverksmøte – planlegg tiltak

Når saka er presentert for nettverket, er neste punkt på dagsorden å planlegge aktuelle tiltak. Tiltaka som skal gjennomførast skal skriftleggjerast – få med kven som har ansvar for kvart einskild tiltak.

Til slutt i nettverksmøtet avtaler de tidspunkt for evalueringsmøte.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 2 Steg 3

Sett i verk tiltak

Gjennomfør avtalte tiltak på aktuelle arenaer. Hugs at dette skal dokumenterast skriftleg.

Førebu evalueringsmøtet. Hugs at barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og at barnet sine meiningar skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakke med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa, for å få vedkomande si eiga oppleving av endring.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 2 Steg 4

Evalueringsmøte - drøftingsdel

Gjennomfør evalueringsmøte, der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg.

Få med barnet si oppleving av endring. Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine  meiningar skal vektleggjast.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 2 Steg 5

Evalueringsmøte – avgjerd om vegen vidare

På basis av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.

Det er tre moglege utfall av evalueringa:

  1. Tiltaka har hatt ønska effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroe seg.
    – Avslutt loggen (dersom denne har vore nytta).
  2. Tiltaka har effekt, men de er framleis ikkje i mål og arbeidet held fram.
    eller
    De ser at tiltaka ikkje har gitt ønska effekt, men vurderer at det kan setjast i verk andre tiltak innan eiga teneste.
    Gå tilbake til Nivå 2 – steg 2
  3. Tiltaka har ikkje gitt ønska effekt. De ser behov for hjelp frå eksterne tenester og drøftar vidare innsats.
    – Bestem aktuelle samarbeidspartnarar, lag tilvising/melding til desse, og kall dei inn til møte på nivå 3. Stafetthaldar kvalitetssikrar korrekt tilvising/melding (når stafettloggen kjem på plass). Dersom saka vert løfta vidare opp på nivå 3, er det viktig å få samtykke frå føresette til å involvere eksterne samarbeidspartnarar.

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine  meiningar skal vektleggjast.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 3 Steg 1

Første møte med aktuell instans

Inntil stafettloggen kjem på plass må det utpeikast ein ansvarleg for saka, som ivaretek oppgåva til stafetthaldar.

Stafetthaldar (ansvarleg) og føresette/barn presenterer problemstillinga for tilvist teneste. Avgjer kven som skal vere stafetthaldar (ansvarleg) i det vidare arbeidet.

Stafetthaldar (ansvarleg) sørgjer for at aktuelle instansar får tilgang til stafettloggen (naudsynte dokument). Stafetthaldar (ansvarleg) har ansvar for møteleiing og referat. Avklar kven som kallar inn til nytt nettverksmøte.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 3 Steg 2

Planlegg tiltak

Aktuell instans legg fram plan for utgreiing/undersøking/tiltak i samarbeid med føresette/barn og andre aktuelle instansar.

Avtal tid og inviter til nytt møte.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 3 Steg 3

Sett i verk koordinerte tiltak

Avtalte utgreiingar/undersøkingar/tiltak vert sette i verk og gjennomførte på aktuelle arenaer. Bruk stafettloggen (når denne er aktivert) til dokumentasjon av tiltaka. Før stafettloggen kjem på plass skal dokumentasjon av tiltaka leggast inn i andre trygge system (til dømes Visma Sikker Sak for kommunale barnehagar/skular).

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 3 Steg 4

Evalueringsmøte - drøftingsdel

Evaluer om barnet sin situasjon har endra seg som følgje av dei koordinerte tiltaka.

Få med barnet si oppleving av endring. Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggjast.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 3 Steg 5

Evalueringsmøte – avgjerd om vidare koordinert innsats

Gjennomfør evalueringsmøte i nettverket.

Det finst to moglege utfall:

  1. Tiltaka har hatt ønska effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroe seg.
    – Avslutt loggen (dersom denne har vore nytta).
  2. Dei koordinerte tiltaka har ikkje gitt ønska effekt.
    – Sett i verk tiltak på nivå 1, 2 eller 3

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine  meiningar skal vektleggjast.

Tilhøyrande Verktøy